8. jan. 2009

Støttebrev i Bergens Tidende

BOIKOTT INTERNASJONAL TENESTE

Rigmor Flygansvær har starta boikottaksjon mot internasjonal teneste, inntil det er bygd opp eit ordentleg apparat som kan ivareta dei skadde. 120 000 veteranar har vore ute og nøkterne tal viser at vi har 10 000 skadde veteranar, og for kvar veteran kan ein rekne med at minst seks pårørande blir berørt.

Kva ansvar kan ein forvente at Regjering og Storting skal ta overfor veteranane som sit igjen med skade? Forsvaret er eit utøvande organ på oppdrag frå dei folkevalde styresmaktene. Gjere dei jobben sin i forhold til veteranane?

Dokumentasjon. Kven er budd på eit enormt arbeid for å skaffe til veie dokumentasjon på tenesta den dagen ein eventuelt skal reise sak mot Forsvaret, det er verkeleg som å leite etter nåla i høystakken. I 2004 vart pårørande merksam på eit svært stort etterslep av oppdateringa av rulleblada. Arbeidet var ganske enkelt lagt vekk - til tross for at den siste kontingenten som vart registrert var UNOSOM 1992-1995, og heile 60% av desse soldatane ikkje hadde fått registrert tenesta. Arbeidet vart tatt opp att. Fullføringa blei etterlyst i møte med Forsvarssjefen i 2007, men står framleis utan svar.

Behandling. Positive formuleringa om oppfølginga er eit mantra i rekrutteringsarbeidet. Soldatar som får problem får berre eit kort oppfølgingstilbod av Forsvaret, og deretter overført til det sivile helsevesenet. Politikarane var ikkje villige til å sjå nærmare på Nasjonal Militær Poliklinikk ved open høyring. Kor lenge skal klinikken gå for ”halv maskin”? Med Statens økonomiske press mot kommunane er psykiatrien og rehabiliteringa usikker. Alvoret kjem verkeleg for dagen då opptrappingsplanen for psykisk helse ikkje har nådd dei alvorlegaste sjuke slik intensjonen var. Er dette tillitsvekkande?

Det har blitt hevda at Forsvaret ikkje driv helsevesen ved sida av det offentlege. Men det har dei har gjort i alle år. Når veteranane er det sivile helsevesenet sitt ansvar, så er det underleg at ikkje Forsvaret sender dei medisinske papira over til soldatens fastlege, i staden beheld dei papira sjølve. Kvifor vert ikkje papira overført?

Erstatninga er kort og godt ei stor skam, men håpet er at dette vil endrast med veteranlova som er på trappene. Men dei som blir skadd i statens teneste, vil med den nye ordninga få utbetalingar som ligg under det ein trafikkskadd får. Fleire tek til orde om lova er eit blindspor?
Eit anna paradoks er at ingen pårørandeorganisasjon vart akseptert som høyringsinstans til veteranlova, når lova omfattar deira nærmaste og dei sjølve. Og når t.d. dei trafikkskadde sin organisasjon var på høyringslista. Pårørandegruppa for FN- og NATO- Veteranane tok opp problemstillinga, men Forsvarsdepartementet meinar den største veteranorganisasjonen skal vere pårørande sitt talerøyr og fremje pårørande sine ynskjer og behov. Kan pårørande akseptere denne ignoreringa? Er tidlegare yrkesoffiserar meir kompetente enn dei pårørande sjølve om eigen situasjon? Kva med ytringsfridomen når organisasjonen står i eit arbeidstakar arbeidsgjevar forhold til Forsvaret?

Boikott av internasjonal teneste er difor på sin plass – fram til Storting og Regjering tar sitt ansvar overfor dei skadde.

Rigmor Flygansvær har gått på barrikadane - det krev stort mot - la oss støtte henne!

Liv M. Stenbakk Krognes

Ingen kommentarer: